Barn / kattnakken vinterregndress slaps blå horisont
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Bli med i trekningen om gavekort på 500,-
Få relevante nyheter rett i mailen din!
Dame
Herre
Barn
Interiør
Alle
Ferdig
Det er kun vi handlegaten.no som bruker informasjonen som samles inn, vi sprer den ikke videre til noen 3.part. Dere kan være trygge på at det kun blir brukt for å gi dere det best tilpassede innholdet fra våre butikker.
Uten kapen, kappen kan kjøpast separat om ønskelig.
Vinterregndress Slaps er laga for dei kalde og våte dagane når vinteren byr på meir regn og slaps...Uten kapen, kappen kan kjøpast separat om ønskelig.
Vinterregndress Slaps er laga for dei kalde og våte dagane når vinteren byr på meir regn og slaps enn snø. Med 80 gram vattering held dressen barnet varmt og tørt – perfekt for full fart i sølepytter, sørpe og tullesnø.
Regndressen er ein del av Superkatten-universet. I kolleksjonen Superkatten 2026 møter du små kvardagsheltar på superheltoppdrag. Inspirert av diktet «Ein superhelt», handlar kolleksjonen om leik, fart og fantasi i kvardagen. Her blir regn, slaps og sølepytter ein del av eventyret – og små superkattar kan leike vidare uansett vêr.
Dressen er laga i Polyuretan Ekstrem (PU), den mest slitesterke regntøykvaliteten vår. Materialet er 100 % vanntett og vindtett, og sveisa saumar held regnet ute gjennom lange dagar med aktiv leik.
Den vanntette glidelåsen har ein beskyttande knappestolpe, medan vannstopparar på armar og bein gir ekstra beskyttelse mot vatn. Den nedsenka halsopninga gir god komfort rundt haka, og den glatte innsida gjer dressen enkel å ta av og på for barnet sjølv.
Med fri justering av strikken i livet kan passforma enkelt tilpassast barnet. Skattelommer med glidelås gir plass til små funn frå dagens eventyr, medan slitesterke fotstrikkar held dressen godt på plass over støvlane.
Hetta er både avtakbar og regulerbar, og fungerer som ei sikkerheitshette som løyser seg ut om barnet skulle henge seg fast i leik. Refleksar på hette, armar og bein gir betre synlegheit på mørke og regnfulle dagar.
Dressen er romsleg i storleik. Mål barnet si høgd og vel den storleiken som ligg nærast. For store klede kan redusere bevegelsesfriheten og føre til unødvendig slitasje på plagget.
Eigenskapar:
• Materiale: Polyuretan Ekstrem (PU)
• Vannsøyle: 100% vanntett
• Ekstrem slitestyrke
• 80 g vattering
• Vindtett
• Sveisa saumar
• Vanntett glidelås og knappestolpe
• Ventilerande fôr
• Nedsenka halsopning
• Vannstopparar på armar og bein
• Skattelommer med glidelås
• Fri justering av strikk i livet
• Slitesterke strikkar under foten
• Refleks på hette, armar og bein
• Avtakbar og regulerbar sikkerheitshette
• Gode namnelappar
• OEKO-TEX Standard 100
• Fluorkarbonfri
Vask og vedlikehald:
• Vaskast på 40 °C
• Ikkje bruk tøymjuknar
• Vreng dressen etter vask og heng han opp etter fotstrikkane for raskare tørk
Vårt regntøy er printa for hand, og det kan derfor førekomme små variasjonar i printet. Dette påverkar ikkje kvaliteten eller funksjonen til regntøystoffet.Les mer